Numedalsnett
Fredag 24. november   |     Du er her: Forsiden >
PrintSet smilefjes på språkpolitikken

 
I valkampen har ulike organisasjonar trilla terningar og gjeve karakterar til partia. Norsk Målungdom har leita fram dei språkpolitiske smilefjesa.


Tekst og foto: Pressmelding frå Norsk Målungdom


 
– Me har plukka ut nokre av dei viktigaste nynorsksakene, og vurdert kva dei ulike partia går til val på, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.
– Me har freista å gjera oversynet ganske sjølvforklarande. Jo betre politikk for nynorsken, jo meir positivt smilefjes – og omvendt, seier Hope med eit smil.

Ikkje berre sidemål

Åtte av tolv kategoriar handlar om språk i skulen. Hope meiner at det er heilt på sin plass.
– Skulen er den viktigaste dannings- og læreinstitusjonen me har i samfunnet, og kva stilling partia meiner nynorsken skal ha i skuleverket er viktig for veljarane å veta før valet, seier Hope.
– Mange parti meiner mykje om sidemålsundervising, men lite om nynorsk som hovudmål. Det har vore eit mål å få fram kven som har den mest utfyllande politikken på desse felta, seier Hope.

Ein del spørjefjes

Mange av partia har ein del blanke felt i skjemaet. Hope presiserer at smilefjesa er delt ut utelukkande på bakgrunn av partiprogramma.
– Handling veg tyngre enn ord, men det er orda og programma som lèt seg systematisera i eit slikt skjema. So er det klart at nokre parti får litt lite utteljing fordi dei ikkje har programfesta enkelte ting som dei har stått for tidlegare, men slik er det. Det får heller vera ein motivasjon til å programfesta meir eksplisitt nynorskpolitikk neste gong, seier målungdomsleiaren.

Kunne vore meir omfattande – Det er ogso ein del spørsmål og programformuleringar som ikkje har fått plass i oversynet, rett og slett fordi målet er å gjera det oversynleg og handterleg. Men me vonar å ha fått med dei viktigaste nynorsksakene, i minsto.

– Og so oppmodar me sjølvsagt alle til å lesa partiprogramma før dei røystar, avsluttar Hope.
 
Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom. Foto: Hannah M. Kolås
Aktiviteter neste syv dager:

TittelDag / TidStedKommuneKategori
Julemarked25.11   10:00Uvdal herredshusNore og UvdalAnnet
Julebord - Flesberg pensjonistforening27.11   16:00Lampeland HotellFlesbergAnnet
Vis flere aktiviteter Vis faste aktiviteter Registrer ny aktivitet
Dagens ordtak
Dødsannonser
(Fra Aftenposten-krever logg inn)

Nore og Uvdal
Rollag
Flesberg
Kongsberg





Bursdager i dag
Numedal
TOM HALVOR WETTERHUS, SVENE (55)
Bjørkgarden Ole Kristian, Veggli (18)
Glenn Ove Snarheim, Uvdal (20)
Fornavn:

Etternavn:

Fødselsdato (dd.mm.yyyy):

Postnr:

Poststed:

E-post:

Kongsberg
Torild Røkaas, Kongsberg (56)
Gry Johansen, Kongsberg (34)
Andre eller uspesifisert bosted
Anita Taanevig (27)
Martin Skaar Olslund (25)
Holger Dalsvåg (37)
Per-Ola Bjerkan (54)
magnus christiansen, skollenborg (43)
Kajsa Breckan (34)
Stephen Hvil Kristiansen, Lyngdal i N (26)
Frodo Ridsiz, Polen (48)
Sara-Iren Lindbak Hørte, Oslo (17)
Lokale portaler



Del bildene dine på Numedalsnett

Del informasjon i DIN LOKALAVIS !!

1. Send tekst på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
2. Bilder sendes på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
3. Skriv gjerne hvilken dag du ønsker at saken legges ut

Dette nettstedet eies og drives av Nnet.no AS.   Mobil 977 90 790
Postadresse: Nnet.no AS, Nore og Uvdal Næringspark, N-3632 Uvdal, NORWAY.
Ansvarlig redaktør:
Knut Morten Bjørnsrud
Redaktør: Knut Morten Bjørnsrud   Mobil 977 90 790    Epost: Redaktøren